Cookie policy
Sist oppdatert 31. august 2026Informasjon om bruk av informasjonskapslar og sporing.
Om informasjonskapslar
Logolink AS brukar ingen informasjonskapslar på logolink.no. Ikkje til statistikk, ikkje til marknadsføring, ikkje til noko anna. Difor har me heller ikkje eit samtykkebanner: det er ingenting å samtykkja til.
Denne sida fortel likevel kva som faktisk vert lagra i nettlesaren din når du er innom, for det er ikkje heilt ingenting.
Kva er ein informasjonskapsel?
Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert lagra i nettlesaren din når du besøkjer ei nettside, og som vert send tilbake til nettstaden kvar gong du kjem att. Det er dette som gjer det mogleg å kjenna att den same nettlesaren over tid. Me set ingen slike.
Nettlesarar kan òg lagra data på andre måtar, utan at det er informasjonskapslar. Det er den typen lagring som gjeld her.
Kva som vert lagra i nettlesaren din
Berre på dei sidene som viser eit kart, og det er Mapbox som gjer det, ikkje me:
| Namn | Leverandør | Føremål | Varigheit |
|---|---|---|---|
mapbox.eventData.uuid.* |
Mapbox | Tilfeldig ID for å telja bruk av karttenesta | Vert laga på nytt kvart døgn |
mapbox.eventData.uuidTimestamp.* |
Mapbox | Når ID-en sist vart laga | Vert laga på nytt kvart døgn |
mapbox.eventData.* |
Mapbox | Opplysningar om kartbruk, nytta lokalt | Til du slettar det |
ID-en er tilfeldig, vert laga på nytt kvart døgn, og er ikkje knytt til deg. Blokkerer du lagring i nettlesaren, fungerer kartet like fullt. På alle andre sider vert ingenting lagra.
Tredjepartstenester
Umami, som me brukar til besøksstatistikk, køyrer på vår eigen tenar og lagrar ingenting i nettlesaren din. Ingen tredjepart får sjå tala.
Sentry, som me brukar til feilrapportering, set ingen informasjonskapslar og lagrar ingenting i nettlesaren din. Rapportane går gjennom vår eigen tenar, så Sentry ser aldri adressa til di eining.
Mapbox leverer karta, og er den einaste tenesta som lagrar noko lokalt. Sjå tabellen over.
Du kan lesa meir i personvernerklæringa.
Korleis du kan styra dette
Sidan me ikkje set informasjonskapslar, er det ingenting å slå av hjå oss. Vil du fjerna det Mapbox lagrar, kan du:
- sletta lagra nettstaddata for logolink.no i nettlesarinnstillingane dine,
- eller blokkera lagring frå tredjepartar. Karta vil framleis fungera.
På aboutcookies.org finn du rettleiing for dei vanlegaste nettlesarane.
Endringar i denne erklæringa
Me kan oppdatere denne erklæringa når me tek i bruk nye verktøy eller endrar måten me lagrar data på. Den til kvar tid gjeldande versjonen ligg alltid på denne sida, og dato for siste oppdatering står øvst.
Kontakt
Har du spørsmål om dette, kan du kontakte oss:
Logolink AS
Vangsgata 26 A, 5700 Voss
E-post: post@logolink.no
Telefon: +47 91 700 600