Alle har eit kart. Få har sitt eige.

Me byggjer kartet. De eig det, de fyller det, og det ligg på adressa dykkar.

Eit kart er ikkje eit bilete.

Det er staden folk går for å finna ut kvar dei skal.

Dei fleste som spør oss om eit kart, har alt eit. Det ligg som ein PDF i eit program, eller som eit bilete nokon laga i fjor. Det me byggjer, er noko anna: ei levande side de eig sjølve, som veit kvar folk står, som de kan endra midt i arrangementet, og som kvar einaste stad har si eiga lenkje inn i.

Det står alltid rett.

Eit trykt kart er ferdig i det det går i trykken. Eit kart de styrer sjølve, er ferdig først når arrangementet er over. Flyttar de ein inngang klokka ni om morgonen, står det på kartet klokka ni og eitt minutt, òg for dei som allereie har det oppe.

Kart over idrettsanlegget på Prestegardsmoen, der ein inngang er flytta frå vestsida til nordsida.
Inngang, flytta 09:01Gamal plassering

Det veit kvar folk står.

Ein gjest som ser seg sjølv på kartet, spør ikkje om vegen. Han ser at det er tre hundre meter til scena, at bussen går om tolv minutt, og at toalettet er nærare enn han trudde. Ingen har nokon gong bedt oss fjerna den funksjonen.

Kart over Voss med den verkelege gangruta frå Voss stasjon til Voss stadion.
Du står her1,1 km, 12 minutt til fots

Kvar stad er ei side.

Ein stad på kartet har si eiga adresse. Ho kan sendast i ei melding, opnast frå ein QR-kode på ein plakat og finnast av eit søk. Eit bilete av eit kart kan ingen av delane, og det er heile skilnaden på eit kart og ein illustrasjon.

Kart over Prestegardsmoen på Voss, der Utescena er opna som si eiga side med si eiga adresse.
kart.dittfirma.no/hovudscene

Hovudscene

Opnar 17.00. Inngang frå nord.

Og alt det andre.

Alt på lista køyrer på eit av karta lenger nede. Ingenting her er noko me har tenkt å byggja.

Område og ruter
Eit areal blir teikna som eit areal. Ein tur følgjer vegen, ikkje luftlinja mellom to punkt.
Søk og filter
Gjesten skrur av alt han ikkje leitar etter, og sit att med dei fire stadene som gjeld han.
Fleire språk
Same kart og same innhald, på norsk og engelsk eller så mange språk de treng.
Bilete og program
Ein stad kan ha bilete, opningstider og kva som skjer der i kveld, ikkje berre eit namn.
Dykkar formspråk
Ikon og fargar frå dykkar profil. Ikkje ein generisk nål med nokon andre sin logo ved sida av.
Tilgjenge
Tastatur, skjermlesar, kontrast og trykkflater som held. Testa, ikkje påstått.
Synleg for søk
Stadene ligg ute som eigne oppslag, så nye folk finn dei utan å vita at kartet finst.

Kven er det som spør etter eit slikt kart?

Festivalar og arrangement

Ei veke, femti stader og eit publikum som aldri har vore der før.

Turneringar og idrettsanlegg

Trettiseks banar som må kunna finnast på nummer av ein forelder i regnet.

Kommunar og destinasjonar

Alt det offentlege eig og driftar, samla ein stad folk faktisk opnar.

Reiseliv, hotell og camping

Området, tilboda rundt og turane som går frå døra.

Næringsparkar og campus

Bygg, innganger og parkering, for folk som skal finna eitt rom.

Turlag og friluftsråd

Løyper og hytter med lengd, stigning og underlag som stemmer.

To av dei er i drift no.

Opne dei og sjå etter. Tala under er talde på dei køyrande karta 31. august 2026.

Voss Cup sin logo

Voss Cup

Turneringskart

Heile turneringa på eitt kart, på sitt eige domene. Arrangøren redigerer det sjølv medan cupen går, og shuttlebussane følgjer vegen i staden for å vera strekar mellom haldeplassar.

84
treff i kartet
36
banar, kvar med sitt nummer
46
andre punkt
2
bussruter med tidtabell

Tidtabellen veit kva klokka er. Står du der etter siste avgang, seier kartet det, i staden for å visa deg ei rute som ikkje går.

kart.vosscup.no
Ekstremsportveko sin logo

Ekstremsportveko

Festivalkart

Ein festival som ikkje ligg på eitt område, men spreidd utover fleire kommunar, frå fjord til fjell. Kartet er inngangen til alt saman, på norsk og engelsk.

58
stader og arenaer
10
kategoriar å filtrera på
2
språk
1
kart for heile veka

Kartet ligg inne i festivalen sin eigen nettstad, under deira header og meny, som ei side blant dei andre.

ekstremsportveko.com

To måtar å få det på.

Same kart under panseret. Skilnaden er kvar folk møter det.

kart.dittfirma.no

På eit eige domene

Eit eige rom med ei eiga adresse. Lett å setja på ein plakat, lett å hugsa, og noko de kan senda folk til utan å forklara kvar dei skal klikka. Dette er det Voss Cup har.

dittfirma.no/kart

Inne i nettstaden de har

Same kart, men som ei side under dykkar eigen header og meny. Ingen ny inngang å forklara, og ingen som lurer på om dei forlét nettstaden dykkar. Dette er det Ekstremsportveko har.

I begge tilfelle er det dykkar. Innhaldet ligg hos dykk, de redigerer det sjølve, og sluttar de å bruka oss, står kartet framleis der.

Og det kan liggja på telefonen som ein app.

Ingen app-butikk, ingen nedlasting, ingen versjon som må godkjennast.

Gjesten opnar kartet ein gong og vel Legg til på heimeskjermen. Etter det ligg det mellom dei andre ikona med dykkar merke på, og opnar seg i heil skjerm: inga adresselinje, ingen faner, ingen tilbakeknapp. Det oppdaterer seg sjølv, fordi det framleis er kartet dykkar og ikkje ein kopi av det.

KartPå heimeskjermen, med dykkar namn og dykkar merke.

Kartbileta på denne sida er frå Mapbox og OpenStreetMap.

Skal me sjå på kartet dykkar?

Send oss eit område og kva som skal stå på det, så viser me korleis det ser ut.